Digitale tenester er ein bærebjelke i offentleg forvaltning og sakshandsaming.

  • Brukarstøtte
  • IKT-tenester, drift og utvikling
  • Informasjonssikkerheit
  • TV- og filmproduksjon
  • Webtenester

DSS leverer digitale tenester som ivaretar departementa sine behov, og byggjer opp under regjeringa si ambisjon om digitalt førsteval. Vi sørgjer mellom anna for drift av system, utvikling av nye tenester, innkjøp av IKT-utstyr og brukarstøtte, og har i tillegg ansvar for departementa og Statsministerens kontor sin datasikkerheit.

DSS produserer filmar og nett-TV-sendingar for visning på regjeringa.no, og leverer lyd- og lysteknikk under arrangementa i regi av departementa. Når det gjeld web, er utvikling og drift av regjeringa.no hovudoppgåva. I tillegg leverer avdelinga blant anna intranett-tenester til dei fleste departementa.

DSS har ansvaret for å sikra designprofilen for departementa og utfører tverrfagleg rådgjeving innan visuell kommunikasjon og publisering for ulike typar kommunikasjon, konferansar, større og mindre oppdrag, sikrar regjeringsdokumenter og statsbudsjettet. Det er inngått rammeavtalar for design og publisering med eksterne leverandørar som hjelper departementa.

Var dette nyttig?