Avdelingar

DSS er organisert i fem tenesteytande avdelingar.

Organisasjonskart

  


Direktør

Direktøren blir peikt ut av Kongen i statsråd og er øvste leiar for DSS. Direktørstillinga i DSS er ei åremålsstilling og rapporterer til Kommunal- og moderniseringspartementet.

Avdeling for digitale tenester (DT)

Avdeling for digitale tenester (DT) leverer og driftar felles IKT-plattform og har ansvar for brukarservice, kanalar for digital kommunikasjon som regjeringen.no og intranettløysing, system for arkiv og saksarbeid, standardiserte digitale samhandlingsrom, kurs og opplæring, arrangement og medieproduksjon samt designprogram for departementa. 

  • DSS brukarservice (BS) tilbyr service til alle brukarar for alle sine tenester. Servicen omfattar svar på spørsmål, bistand ved den enkelte sin arbeidsplass, "servicetorg", kurs, kompetanseløft og heilskapleg brukarfokus ved utvekling av nye tenester og tilhørande rettleiingar. 
  • Seksjon for produksjon av tenester (TP) utfører drift, forvalting og utvekling av IKT-løysingar, sikrar system og informasjon, følger opp sikring og utfører overvåking av system og IKT-løysingar. 
  • Seksjon for tenestestyring og kundeorientering (TK) har ansvar for strategisk og økonomisk styring av tenestene, teknologivalg og prosjektportefølje og for kundedialogen på vegner av avdelinga.  
  • Seksjon for WEB (WEB) tilbyr tenester og rådgjeving innan digital kommunikasjon, webteknologi, brukaroppleving, utvekling og prosessleiiing. 
  • Seksjon for arrangement og medieproduksjon (AMP) har tverrfaglege team som tilbyr tenester innan produksjon, regi, produksjonsleiing, kamera, lys og scene.

 

Avdeling for Facility Management (FM) 

Avdeling for Facility Management (FM) koordinerer DSS sitt bidrag til planlegginga av nytt regjeringskvartal. Avdelinga har ansvar for reinhald, tenester for distribusjon, logistikk og fasilitering samt produksjon av departementa sine publikasjonar, regjeringsdokument, "Norges offentlige utredning" samt statsbudsjettet. 

  • Seksjon for miljø og arealforvalting (MAF) har ansvar for kantinetenester, miljøleiing og  -rådgjeving samt tenester for fasilitering og arealforvalting. 
  • Seksjon for reinhald og miljø (REM) har ansvar for reinhaldet i departementsfellesskapet. Reinhaldet vert utført med utstyr og metodar som sikrar eit kostnadseffektivt reinhald av riktig kvalitet som gir eit godt innemiljø. 
  • Seksjon for logistikk og post (LOP) har ansvaret for post- og varelevering, bud- og kurertenester, sikker og formålstenleg henting og makulering av dokument samt distribusjon og lagerhold av dokument. 
  • Seksjon for nytt regjeringskvartal (NRK) har ansvar for å koordinere DSS sitt bidrag til planlegginga av nytt regjeringskvartal. 
  • Seksjon for grafiske tjenester (GRAF) har ansvar for produksjon av regjeringsdokument, statsbudsjett og "Norges offentlige utredning" (NOU). Seksjonen tilbyr også layout, design og produksjon av publikasjonar.

 

Tryggingstenesteavdelinga (SAV)

Tryggingstenesteavdelinga (SAV) leverer vakt- og sikringstenester som skal bidra til å sikre at departementa sine funksjonar vert halde ved lag. Tenestene inkluderer vakthald, tryggingskontrollar, resepsjonstenester og etablering, drift og vedlikehald av tekniske sikringssystem til departementa, Regjeringa sine representasjonsanlegg og statsministerboligen. 

  • Seksjon for operativ sikringsteneste (OS) utfører operative vakt- og sikringstenester basert på løpande risikovurderingar. Tenesta varer ved heile døgnet og vert utført av vaktlag i turnus. 
  • Seksjon for spesialiserte sikringstenester (SST) utfører operative og spesialiserte vakt- og tryggingstenester for departementa, i regjeringa sine representasjonsanlegg, i statsministerboligen og i Høgsterett. 
  • Seksjon for besøks- og adgangskontroll (BAS) kontrollerer gjestar og tilsette sin tilgang til departementsfellesskapet, for å sikre materielle verdiar og informasjon som departementa produserer. 
  • Seksjon for teknisk sikring (SIK) har ansvar for sikringteknisk analyse og rådgjeving samt for prosjektering og implementering av tekniske og elektroniske sikringssystem i departementsfelleskapet, i tillegg til forvalting, drift og vedlikehald av sikringsløysingane. 
  • Seksjon for lederstøtte, analyse og beredskap (LAB) har ansvar for økonomistyring, instruks og planverk, anskaffingar og oppfølging av kontraktar, eining for sikringsanalyse, sameining av mannskap og utdanning/øving, samt har ein funksjon for beredskap for å støtte leiinga i handtering av hendingar og kriser.

 

Avdeling for kommunikasjon og HR (KH)

Avdeling for kommunikasjon og HR (KH) har ansvar for kundedialog, kommunikasjon, HR-tenester og arkiv internt i DSS. I tillegg leverer KH fellestenester som bedriftshelseteneste, rekrutteringsverktøy og ulike informasjonstenester som sentralbord, bibliotek og 22. juli-senteret. 

  • Seksjon for kundekontakt og kommunikasjon (KOM) tar hand om ein heilskapleg kundedialog, den interne og eksterne kommunikasjonen, utviklar kommunikasjonsstrategiar og støttar DSS si leiing. 
  • Seksjon for HR (HR) tar hand om DSS sine interne HR-funksjonar som rekruttering, løns- og personalforvalting og rådgjeving innan inkluderande arbeidsliv (IA), helse, miljø og tryggleik (HMS), i tillegg til utvikling innan kompetanse og leiing. 
  • Seksjon for arkiv (Arkiv) har ansvaret for all innregistrering og lagring av post og dokument. I tillegg tar seksjonen hand om saksarbeid i medhold av arkivlova, offentleglova og forvaltingslova. 
  • Seksjon for informasjonstenester (SIT) har ansvaret for "Departementenes fellesbibliotek" og regjeringskvartalet sitt sentralbord. I tillegg har seksjonen ansvaret for 22. juli-senteret som formidlar minne og kunnskap om terrorangrepet i Oslo og på Utøya 22. juli 2011. 
  • Seksjon for bedriftshelsetenesta (BHT) arbeider med å redusere risiko for psykiske og fysiske helseplager og å styrke arbeidshelse og arbeidsglede gjennom rådgjeving og relasjonsarbeid, organisasjonslæring, trening og ergonomi. 
  • Statens sitt servicesenter i Engerdal (SSiE) tilbyr sentralbord- og kundesentertenester til 26 statlege etatar og verksemder.

 

Avdeling for verksemdstyring og innkjøpstenester (VA)

Avdeling for verksemdstyring og innkjøpstenester (VA) tar hand om heilskapleg styring på verksemdnivå og bistår avdelingane med planlegging, budsjettering, rekneskap og resultatoppfølging. Innan innkjøpstenester leverer vi rådgjeving og bistand til departementa og DSS samt gjennomfører konkurransar for avtalar som DSS inngår.   

  • Seksjon for tryggleik og beredskap (SIBE) har ansvar for å utvikle og følge opp arbeidet med intern tryggleik og beredskap i DSS. 
  • Seksjon for plan (PLAN) ledar plan- og budsjettprosessen internt i DSS og legg fram DSS sitt budsjettbehov for KMD. Seksjonen forvaltar DSS sin tenesteavtale og er ansvarleg for porteføljestyring på verksemdnivå. 
  • Seksjon for økonomistyring (ØKS) er rekneskapsførar for DSS. Seksjonen er også ansvarleg for samordning av revisjonar, intern rapportering og rapportering knytta til styringsdialogen med KMD.
  • Seksjon for anskaffingar (ANS) skal gi råd, rettleing og bistand i arbeidet med anskaffingar internt i DSS og til departementa. Seksjonen skal også forhandle fram fellesavtalar for departementsfellesskapet og DSS.