Avdelinger
Avdelingar
DSS er organisert i fem tenesteytande avdelingar.
Direktøren blir peikt ut av Kongen i statsråd og er øvste leiar for DSS. Direktørstillinga i DSS er ei åremålsstilling og rapporterer til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Avdeling for virksomhetsstyring, anskaffelser og oversettelser (VAO) ivaretar helhetlig styring på virksomhetsnivå, og har sentrale funksjoner innenfor sikkerhets- og beredskapsområdet for DSS som virksomhet. Vi gir også anskaffelsesbistand og inngår fellesavtaler for DSS og departementene, leverer oversettelser av EU-regelverk og Schengenregelverk, og utfører oversettelsesoppdrag for UD og SMK.
- Seksjon for anskaffelser og oversettelser (ANO) gir anskaffelsesbistand og inngår fellesavtaler for DSS og departementene, leverer oversettelser av EU-regelverk og Schengenregelverk, samt utfører oversettelsesoppdrag for UD og SMK.
- Seksjon for sikkerhet og virksomhetsstyring (SIV) har ansvar for styringsdialog, budsjettinnspill, rapportering til DFD, strategi, virksomhetsplan, porteføljestyring, avtaleforvaltning, og sikkerhetsstyring, inkludert informasjonssikkerhet, personvern og klareringssaker
- Seksjon for økonomistyring (ØKS) har ansvaret for regnskapsføring og lønnsutbetalinger, budsjett, utarbeidelse av månedsregnskap og årsregnskap, kontrollerfunksjon og veiledning innenfor budsjettering, regnskap og lønn.
Avdeling for kommunikasjon og HR (KH) har ansvar for kundedialog, kommunikasjon, HR-tenester og arkiv internt i DSS. I tillegg leverer vi fellestenester som bedriftshelsetenesta, rekrutteringstenester og ulike informasjonstenester som sentralbord og bibliotek.
- Seksjon for kundekontakt og kommunikasjon (KOM) tar hand om ein heilhetleg kundedialog, den interne og eksterne kommunikasjonen, utviklar kommunikasjonsstrategiar og støttar DSS si leiing.
- Seksjon for HR (HR) leverer tenester som rekruttering, kompetanse og statistikk til departementa og Statsministerens kontor, i tillegg tar seksjonen hånd om DSS’ interne HR-funksjoner som rekruttering, lønns- og personalforvaltning og rådgjeving innan inkluderende arbeidsliv (IA), helse, miljø og sikkerhet (HMS), kompetanse- og ledelsesutvikling.
- Seksjon for informasjonstenester (SIT) har ansvaret for «Departementas fellesbibliotek» og regjeringskvartalet sitt sentralbord. Seksjonen har ansvaret for all innregistrering og lagring av post og dokument. I tillegg tar seksjonen hand om saksarbeid i medhald av arkivlova, offentleglova og forvaltingslova
- Seksjon for bedriftshelsetenesta (BHT) arbeider med å redusere risiko for psykiske og fysiske helseplager og å styrke arbeidshelse og arbeidsglede gjennom rådgjeving og relasjonsarbeid, organisasjonslæring, fysisk aktivitet og ergonomi.
- Statens servicesenter i Engerdal (SSiE) tilbyr sentralbord- og kundesentertenester til 26 statlege etatar og verksemder.
- Seksjon Departementsakademiet (DEPA) skal styrke fellesdepartemental kompetanse for oppgåver i grensesnittet mellom fag og politikk, og fremme samordning og samarbeid på tvers av sektorar.
Avdeling for digitale tenester (DT) leverer og driftar felles IKT-plattform og har ansvar for brukarservice, kanalar for digital kommunikasjon som regjeringa.no og intranettløysing, system for arkiv og saksarbeid, standardiserte digitale samhandlingsrom, kurs og opplæring, arrangement og medieproduksjon samt designprogram for departementa.
- DSS brukarservice (BS) tilbyr service til alle brukarar for alle sine tenester. Servicen omfattar svar på spørsmål, bistand ved den enkelte sin arbeidsplass, «servicetorg», kurs, kompetanseløft og heilskapleg brukarfokus ved utvikling av nye tenester og tilhøyrande rettleiingar.
- Seksjon for formidlings- og samhandlingstenester (FST) tilbyr tenester og rådgjeving innan digital kommunikasjon, webteknologi, brukaroppleving og forvaltar spesialapplikasjonar.
- Seksjon for innhalds- og medieproduksjon (IMP) tilbyr tenester innan nett-tv, videoproduksjon, arrangement, kamera, lyd, lys og visuell kommunikasjon, til dømes departementas designprofil.
- Seksjon for IT-drift (ITD) utfører drift, forvalting og vidareutvikling av IKT-løysingar, sikrar systema og informasjon, følger opp krav til sikring og utfører teneste- og systemovervaking.
- Seksjon for portefølje, strategi og arkitektur (PSA) har ansvar for porteføljestyring for kundar, prosjekt og tenester. I tillegg har den ansvar for strategi og rådgjeving, arkitektur og løysingsdesign, innovasjon, styring
av prosess og innføringsleiing innanfor det digitale området.
Avdeling for Facility Management (FM) koordinerer DSS sitt bidrag til planlegginga av nytt regjeringskvartal. Avdelinga har ansvar for reinhald, tenester for distribusjon, logistikk og fasilitering samt produksjon av departementa sine publikasjonar, regjeringsdokument, «Norges offentlege utredning» samt statsbudsjettet.
- Seksjon for miljø og arealforvalting (MAF) har ansvar for kantinetenester, miljøleiing og -rådgjeving samt tenester for fasilitering og arealforvalting.
- Seksjon for reinhald og miljø (REM) har ansvar for reinhaldet i departementsfellesskapet. Reinhaldet vert utført med utstyr og metodar som sikrar eit kostnadseffektivt reinhald av rett kvalitet som gir eit godt innemiljø.
- Seksjon for logistikk og post (LOP) har ansvaret for post- og varelevering, bud- og kurertenester, sikker og formålstenleg henting og makulering av dokument samt distribusjon og lagerhold av dokument.
- Seksjon for nytt regjeringskvartal (NRK) har ansvar for å koordinere DSS sitt bidrag til planlegginga av nytt regjeringskvartal.
- Seksjon for grafiske tenester (GRAF) har ansvar for produksjon av regjeringsdokument, statsbudsjett og «Norges offentlege utredning» (NOU).
- Seksjonen tilbyr også layout, design og produksjon av publikasjonar.
Tryggingstenesteavdelinga (SAV) leverer vakt- og sikringstenester som skal bidra til å sikre at departementa sine funksjonar vert halde ved lag. Tenestene inkluderer vakthald, tryggingskontrollar, resepsjonstenester og etablering, drift og vedlikehald av tekniske sikringssystem til departementa, regjeringa sine representasjonsanlegg og statsministerboligen.
- Seksjon for operativ sikringsteneste (OS) utfører operative vakt- og sikringstenester basert på løypande risikovurderingar. Tenesta varer ved heile døgeret og vert utført av vaktlag i turnus.
- Seksjon for spesialiserte sikringstenester (SST) utfører operative og spesialiserte vakt- og sikkerheitstenester for departementa, i regjeringa sine representasjonsanlegg, i statsministerboligen og i Høgsterett.
- Seksjon for besøks- og adgangskontroll (BAS) kontrollerer gjestar og tilsette sin tilgang til departementsfellesskapet, for å sikre materielle verdiar og informasjon som departementa produserer.
- Seksjon for teknisk sikring (SIK) har ansvar for sikringteknisk analyse og rådgjeving samt for prosjektering og implementering av tekniske og elektroniske sikringssystem i departementsfelleskapet, i tillegg til forvalting, drift og vedlikehald av sikringsløysingane.
- Seksjon for leiarstøtte, analyse og beredskap (LAB) har ansvar for økonomistyring, instruks og planverk, anskaffingar og oppfølging av kontraktar, eining for sikringsanalyse, sameining av mannskap og utdanning/øving, samt har ein funksjon for beredskap for å støtte leiinga i handtering av hendingar og kriser.
Statens servicesenter i Engerdal er ein eigen seksjon under avdeling for kommunikasjon og HR med kontorlokalar i kommunehuset i Engerdal kommune i Innlandet.