Vi ynskjer deg velkommen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegarer som er stolte av jobben sin.

Som statleg etat er DSS underlagt lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids-og tenesteforhold.

Vi kan tilby eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar. Pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.

Som tilsett i DSS har du

  • glede av å jobbe med dedikerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • godt arbeidsmiljø med mange og varierte sosiale møteplassar
  • gode utviklings- og karrieremoglegheitar
  • gode forsikrings- og  pensjonsordningar med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • eigen bedriftshelseteneste
  • fleksible arbeidstidsordningar
  • avtalefesta 5 vekers ferie per år
  • sommartid (mai-september)
  • subsidierte prisar i kantinene i regjeringskvartalet

Treningstilbod og sosiale møteplassar

DSS har eige bedriftsidrettslag. Vi pleier å vere med på Holmenkollstafetten og Festningsstafetten.

Vi har i tillegg tilgong til treningstilbod i regjeringskvartalet, blant anna Mensendieck. Du kan også nytta gymsal, treningsrom og apparatrom i regjeringskvartalet.

Vi har eit velferdsutval beståande av tilsette i DSS. Velferdsmidlane blir brukt til sosiale fellestiltak for alle tilsette. Vi arrangarer blant anna arrangement som sommarfest, vinterdag med aktivitetar og julebord.

Inkluderende arbeidsliv (IA)

DSS er IA-verksemd, og jobbar aktivt for å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø med tryggje tilsetjingsforhold og meiningsfylt arbeid for den enkelte. Eit inkluderande arbeidsliv vil seie eit arbeidsliv som har plass til alle som kan arbeide.

Lønn

Lønn i DSS er eit samspel av sentrale rammer og lokal tilpassing. Lønnspolitikken skal vere eit verkemiddel til å rekruttere og behalde kvalifiserte medarbeidarar, gjennomføre fornuftige og nødvendige omstillingar og oppnå resultat.

DSS profilbilde

Medarbeidarutvikling

Som medarbeidar i DSS er du på jobb for departementa og SMK. Du får benytte din fagkompetanse, og i samarbeid med dyktige kollegaer og leiarar bidrar du til at departementa og DSS når sine mål. Vi leggjer til rette for at du skal få utvikle deg både fagleg og personleg. Den viktigaste medarbeidarutviklinga føregår i møte og i samarbeid med kollegaer og gjennom den daglege oppgåveløysinga. Gode kollegaer og eit godt og inspirerande arbeids- og læringsmiljø er viktig for vår trivsel og utvikling.

Kompetanseutvikling

Det overordna målet for kompetanseutvikling i DSS er at den enkelte skal ha nødvendig kompetanse ut frå dagens behov og framtidas mål og oppgåver. Vi har derfor fokus på kompetanseheving innanfor våre tenesteområder.

I DSS leggjer vi til rette for kontinuerleg kompetanseutvikling, gjennom det daglege arbeidet, gjennom prosjekt og samhandling, og i form av eigenutvikla og eksterne kurs. DSS og departementa har eit breitt kompetanseutviklingstilbod med kursportefølje tilgjengeleg for våre medarbeidarar.

I DSS kan du søkje om utdanningsstipend til relevant etter- og vidareutdanning. Det føregå til ein kvar tid mange spennande tverrfaglege prosjekter som gir våre medarbeidarar moglegheita til fagleg utvikling og personleg vekst.

I DSS tilbyr vi interne hospiteringsordningar til inspirasjon og glede for våre tilsette.

Leiarutvikling

DSS tilbyr leiarutvikling og leiaropplæring både gjennom eksterne samarbeidspartnarar og eigenutvikla leiarutviklingsprogram. I DSS har vi felles leiarsamlingar, teamutvikling av leiinga og individuell leiaropplæring.

Nyutdanna

DSS er ein spennande stad å starte karrieren. Vi jobbar for departementsfellesskapet innanfor mange tenesteområde. Du vil bli godt kjent med rutinar og regelverk i staten og få verdifull innsikt i forvaltninga.

Sjå også:

Var dette nyttig?