Samfunnsnyttig verksemd

DSS er ei verksemd som utfører spanande samfunnsnyttige oppgåver, og vi er til stade midt i hjartet av styringa av Norge.

Ansattgoder som statleg tilsett

Hos oss kan du kombinere desse viktige oppgåvene med eit liv utanfor arbeidet. Vi legg til rette for at du kan ha ein sunn balanse mellom jobb og fritid. Vi legg også til rette for at du skal kunne lære og utvikle deg i jobben.

Som statlege tilsette har vi mange goder:

Fleksibel arbeidstid

DSS har fleksitid, det betyr at det er ei kjernearbeidstid der alle må være på jobb, og ei ytre arbeidstid. Plusstimar kan tas ut som tjenestefri. Du kan avspasere inntil fem dagar plusstid i eitt, og du kan avspasere 24 dagar i året.

Arbeidstid

Vår arbeidstid er 7,45 timar i perioden 15. september til 15. mai, og 7 timar i perioden 15. mai til 15. september.

Pensjon, AFP og boliglån

Alle tilsette er medlem av Statens pensjonskasse. Statens pensjonskasse utbetaler pensjon og forsikring. Vidare tilbyr også SPK boliglån for tilsette i staten.

Les meir om godene som SPK tilbyr.

Det trekkjast 2 prosent av brutto løn til obligatorisk premieinskot.

Permisjon

Som statleg verksemd har vi også fleksible ordningar for omsorgs- og velferdspermisjoner med og uten løn. Det er også moglegheit for å få permisjon til studiar og vidareutvikling.

Hybrid arbeidskvardag

Som ein del av vårt arbeidsplasskonsept har vi fleksibilitet i form av at du kan jobbe delvis frå heimekontor. Du kan jobbe heimefrå inntil to dagar i veka dersom arbeidsoppgåvene dine passar til det.

Trening

Du kan bruke inntil to arbeidstimar i veka til trening ved bruk av oppspart fleksitid . På fleire av lokasjonane våre har vi treningsfasilitetar. Vi har også organiserte treningstilbod i regjeringskvartalet, blant anna yoga.

Forsvarets personellservice

Ansatte i DSS kan nytte seg av medlemstilbodet til Forsvarets personellservice.

Velferd

  • DSS har eige bedriftsidrettslag. Bedriftsidrettslaget pleier å vera med på Holmenkollstafetten og Festningsstafetten.
  • Velferdsutvalg. Utvalet består av ei gruppe ansatte i DSS. Velferdsmidla blir brukt til sosiale fellestiltak for alle ansatte. Vi arrangerer blant anna arrangement som sommarfest, vinterdag med aktivitetar, og julebord.

Kantiner

DSS har subsidierte prisar i kantinene i regjeringskvartalet.

Bedriftshelsetjeneste

DSS har eigen bedriftshelseteneste

 

Medarbeidarutvikling

Som medarbeidar i DSS er du på jobb for departementa og SMK. Du får benytte din fagkompetanse, og i samarbeid med dyktige kollegaer og leiarar bidrar du til at departementa og DSS når sine mål. Vi leggjer til rette for at du skal få utvikle deg både fagleg og personleg. Den viktigaste medarbeidarutviklinga føregår i møte og i samarbeid med kollegaer og gjennom den daglege oppgåveløysinga. Gode kollegaer og eit godt og inspirerande arbeids- og læringsmiljø er viktig for vår trivsel og utvikling.

Kompetanseutvikling

Det overordna målet for kompetanseutvikling i DSS er at den enkelte skal ha nødvendig kompetanse ut frå dagens behov og framtidas mål og oppgåver. Vi har derfor fokus på kompetanseheving innanfor våre tenesteområder.

I DSS leggjer vi til rette for kontinuerleg kompetanseutvikling, gjennom det daglege arbeidet, gjennom prosjekt og samhandling, og i form av eigenutvikla og eksterne kurs. DSS og departementa har eit breitt kompetanseutviklingstilbod med kursportefølje tilgjengeleg for våre medarbeidarar.

I DSS kan du søkje om utdanningsstipend til relevant etter- og vidareutdanning. Det føregå til ein kvar tid mange spennande tverrfaglege prosjekter som gir våre medarbeidarar moglegheita til fagleg utvikling og personleg vekst.

I DSS tilbyr vi interne hospiteringsordningar til inspirasjon og glede for våre tilsette.

Leiarutvikling

DSS tilbyr leiarutvikling og leiaropplæring både gjennom eksterne samarbeidspartnarar og eigenutvikla leiarutviklingsprogram. I DSS har vi felles leiarsamlingar, teamutvikling av leiinga og individuell leiaropplæring.

Nyutdanna

DSS er ein spennande stad å starte karrieren. Vi jobbar for departementsfellesskapet innanfor mange tenesteområde. Du vil bli godt kjent med rutinar og regelverk i staten og få verdifull innsikt i forvaltninga.

Sjå også:

Var dette nyttig?