DSS i front med ny reinhaldsteknologi

Dyktige reinhaldere og bruk av ny teknologi gjer reinhaldstenesta i DSS svært konkurransedyktig.

Ein kombinasjon av dyktige reinhaldere og bruk av ny teknologi gjer reinhaldstenesta i DSS svært konkurransedyktig.Paulo demonstrerer vaskeroboten

- DSS og Departementsfellesskapet skal væra i forkant av utviklinga på området for reinhald, seier seksjonssjef Paulo Ruvina  i reinhald- og miljøseksjonen (REM) under testinga av ein robot for reinhald (bildet).

DSS testar og tar i bruk ny teknologi

Dei nyaste trendane i moderne reinhald dreier seg om auka bruk av teknologi, bort frå kjemikaliar og mot eit grønare reinhald og auka automatisering med bruk av robotar.

Clean Pilot:

DSS har allereie gjort reinhaldstenesta i organisasjonen meir effektiv ved å ta i bruk digitale system som Clean Pilot på nettbrett og Jonathan Clean. Desse systema gjer planlegging av dagleg reinhald meir effektivt, både med planar for reinhald og fordeling av arbeid, forenkla kommunikasjon og rapportering av avvik.

Robotar:

DSS ser på moglegheiter for å auka automatiseringa av reinhaldet og testar for tida nye robotar for reinhald til både støvsuging og golvvask.

E-water:

E-water er ein teknologi som ved hjelp av strøm, vann og salt produserer miljøvenlege reinhaldsmiddel. E-water reduserer behovet for kjemikaliar med pH-verdi mellom 4 og 11. E-waterautomatar skal plasserast i alle bygg og koplast til vatn og straum. Frå automatane kan reinhalder fylle ferdige vaskemiddel på sprayflasker eller andre aktuelle behaldarar. Det skal produserast to ulike vaskemiddel, ein for antibakteriell bruk og ein annan for alminneleg reinhald.

Digitale sensorar:

DSS testar nye dispensere for papir og såpe med digitale sensorar som via eit system fortel reinhaldere om behovet for å fylle på med meir såpe og papir. DSS skal testa ut dispensere i første halvår av 2017.

Støvsugar utan leidning:

DSS har den første støvsugaren drevet av batteri i Norge. Støvsugaren gjer at reinhaldere slepp å kopla seg til eit nytt uttak for strøm etter kvart som dei beveg seg rundt om i bygget, dei slepp også å bli hefta av ein støvsugarleidning som alltid er i vegen for både reinhalder og andre tilsette.

 

Dispensere med digitale sensorer E-waterløsning fra Orbio E-water-prosessen
Dispensere med digitale sensorer. E-waterløsning frå Orbio. E-water-prosessen.

Eit smartare og grønare reinhald gjer oss ein gevinst

Utviklinga til eit smartare og grønare reinhald vil føra med seg ekstra kostnader i startfasa, men REM har allereie erfart at bruk av ny teknologi har mange fordelar. Det har gjeve DSS moglegheit til å effektivisera og gjera tenesta meir konkurransedyktig på alle område. Paulo Ruvina understreker for ordens skyld at ny teknologi skal væra eit supplement til reinhalderen, ikkje ein erstattar.


Bruk av ny teknologi i reinhaldet har både kvalitative og budsjettmessige gevinstar.
-    Miljøgevinst ved å ta i bruk miljøvenlege reinhaldsmiddel.
-    Sensorar sparer tid for reinhalder og aukar kvaliteten i deira tenester.
-    Robotar og trådlause maskiner gjer arbeidet lettare, sparer tid, påfører reinhaldere mindre slitasje og betrar sikkerheita i arbeidet.
-    Sist, men ikkje minst; bruk av ny teknologi er morosamt og gjer oss stolte.

Samarbeidspartnarar

For å kunne lukkast med å innføre ny teknologi er REM avhengig av å samarbeide med kontaktane i departementa, som har vore hjelpsame med å leggja til rette for testing og utprøving. REM samarbeider også tett med andre avdelingar i DSS og leverandørar som har bidrege med erfaring og opplæring i bruk av produkt.

Kort om tenesta for reinhald i DSS

DSS leverer tenester innan reinhald til departementa på eit totalareal på 174 392 kvm. Dagleg gjer medarbeidarane reint på 74 192 kvm.