Bli kjent med DSS
Samfunnsoppdraget.
I DSS er vi stolte av samfunnsoppdraget vårt som er å yte profesjonell støtte, sikkerheit og service til Noregs regjering og departement.
Vårt oppdrag er unikt. Vi er til stade midt i hjartet av styringa av Noreg, og jobbar kvar dag, frå mange ulike ståstader i DSS, for at demokratiet i Noreg skal fungere best mogeleg.
Gjennom vårt arbeid legg vi til rette for at regjeringa, så vel som tilsette i departementsfellesskapet, til kvar tid skal ha gode, effektive og sikre arbeidsvilkår og eit tenestetilbod på eit høgt nivå.
Instruks fra Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet(DFD)
I hovudinstruksen for DSS står det blant anna:
departementa og andre fagmiljø i staten, utvikle og tilby relevante kompetansetilbod til leiarar og medarbeidarar i departementsfellesskapet.
DSS utviklar tenester for framtidig regjeringskvartal
DSS skal utvikle og etablere tenester som dekkjer departementas behov, etter oppdrag frå DFD.
Kommunal- og distriktsdepartementet (no Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet(DFD)) sin strategi for effektive administrative tenester i departementsfellesskapet: «Gode kvar for oss. Best saman.» (2021 – 2025) er sentral for våre vegvalg.
DSS sin strategi
Nytt regjeringskvartal vil drive fram endringar, og som leverandør skal vi utforske mogelegheitene som ligg i samlinga av departementa. DSS skal som hovudleverandør av fellestenester til departementa sørge for at våre kundar til kvar tid får relevante og framtidsretta tenester.
Mål fram mot 2025: Departementa mottar effektive fellestenester med rett kvalitet
Våre tre strategiske satsingsområder:
Digitalisering. DSS skal utforske og ta i bruk digitale løysingar og ny teknologi i tenesteproduksjonen.
Standardisering. DSS skal levere like løysingar til like oppgåver.
Samarbeid. DSS skal styrke samarbeidet.
DSS si historie
DSS står i ein lang tradisjon med å levere og utvikle fellestenester til departementsfellesskapet.
- Det har vore leveranse av fellestenester i departementssystemet sidan byrjinga av forrige århundre.
- I 1979 kom første organisering gjennom ei samanslåing av fellestenestene, ved at blant anna Statens Trykningskontor og Regjeringens Kontorkasse vart skilt ut som eigen organisasjon: Forvaltningstjenestene(Ft). I 1982 ble Statens innkjøpssentral innlemma.
- Fra 1992 fikk denne organisasjonen navnet Statens forvaltningstjeneste(Ft). Ft leverte tenester til heile statsforvaltninga.
- I 2006 endra verksemda innretning til kun å levere tenester til departementsfellesskapet. Verksemda fekk namnet Departementenes servicesenter.
- Fra 2014 er navnet Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon(DSS).